page view image

Vandreteater i Øvre Eidfjord, kl.12:30 sundag 26.06: Askeladden og prinsesse Tiril

Arrangementsinformasjon
event image

Bli med på eventyr med sjølvaste Askeladden! 


Prinsesse Tiril har alt det flottaste du kan tenkje deg: diamantar, kjolar og gull, og det er ikkje mangel på dei som ynskjer å vere ven med ho. Men, prinsessa føler seg likevel åleine. Mest av alt ynskjer ho seg ein ven som ho kan prate med om store oppdagingar, det uendelege universet og om korleis verda heng saman, ikkje ein som berre vil telje pengane hennar og prøve gulldoen på slottet.


Klarar du å bli ven med prinsesse Tiril? Bli med Askeladden og prøv, på vegen lurar farar og den som ikkje klarar å innfri prinsessas ynskje, kan det gå riktig så gale med. Vil Askeladden klare det trur du?


Oppmøte er ved Norsk Natursenter Hardanger, Øvre Eidfjord. 


Framsyninga spelast:

Kl. 12:30 - 13:45

Framsyninga varar i ca.1 time og 15minutt og passar for heile familien. Alt foregår utandørs- så kle deg og dine etter vêret! 

Obs. Vi vil vandre i ulendt terreng, så framsyninga egnar seg ikkje om du er for dårleg til beins.


Arrangementet er ein del av Eidfjord Vikingfestival 24 - 26.juni.


Om arrangør:

Eventyr i Parken er eit teaterkompani som jobbar for å skape unike kultur og natur opplevingar for små og store. Kompaniet består av Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Thomas B. Brandt og Stine Revheim Svellingen.


Ta gjerne kontakt på eventyriparken@gmail.com om det er nokon spørsmål!


Kjøpte billettar refunderast ikkje. 

Deltaking skjer på eige ansvar.


Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderes ikkje.
Deltaking skjer på eige ansvar.