Vandreteater i Kanadaskogen: «Skogsprinsessa» Laurdag 21.09. kl.12:00

Kom og bli med på kroning av Skogsprinsesse Alva!

page view image
Evenemangsdatum

lördag 21 sep 2024 12:00

avslutas lördag 21 sep 2024 14:00
Kalenderposten anpassas till din lokala tidszon
Beställ

Tillgängliga artiklar

Vaksen (frå 18 år)
Utsålt
Barn (frå 3 - 18 år)
Utsålt
Barn (under 3 år, gratis)
Utsålt
event image

Evenemangsinformation

Skogen treng hjelp, er du den rette?

Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien. 


Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal, slik går alt rundt og held seg i perfekt balanse. No er det skogsprinsessa Alva sin tur til å bli dronning, noko ho har forberedt seg til i alle sine år. Men… alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen. Ryktar og vonde tankar spreiar seg i skogen, kor kjem dette mørkret frå? Skogen prøvar å ordne opp så godt den kan, men skogen treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: nemleg menneska. 


Oppmøte: 

Framsyninga startar ca 10 min gange frå Kandaskogen Friluftslivsbarnehage. Vi tilrår å nytte kollektivtransport denne dagen grunna begrensa parkeringsplassar. Følg dei markerte pilene fram til de kjem til "Oppmøtestad". Her vert de møtt av den eine skodespelaren når framsyninga startar.  

Det er også mogleg å parkere ved Nipedalen (ca. 25 minutters gange). 

Vi anbefaler å vere ute i god tid.

Varigheit: ca. 2 timar frå start til slutt

Alder: frå 3-9 år.


Manus: Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Stine Revheim Svellingen

Regikonsulent: Jan Neal Holden

Kostyme og rekvisittdesign: Tora Troe

Kostymemaker: Julie Jensen

Skodespelarar: Stine Svellingen, Thomas B. Brandt, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen & Amalie Jensen Tolo.


Spørsmål? Kontakt oss på 936 40 561.


Eventyr i Parken (EiP) er eit vestlandsbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape kulturopplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart EiP nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Tetareforenings pris: "Rampeløkten" for deira nyskapande arbeid. Eventyr i Parken ynskjer å invitere liten og stor ut på tur - og inn i ei verd der skogen snakkar, og kven veit, kanskje ein ser skogen på ein ny måte etter framsyninga?  



Framsyninga er støtta av

BERGEN KOMMUNE

VESTLAND FYLKESKOMMUNE, TILSKOT TIL FRILUFTSAKTIVITET

VESTLAND FYLKESKOMMUNE, TILSKOT TIL KULTURARRANGEMENT

A/S BERGENS TEATER OG DET DRAMATISKE SELSKAB

SPAREBANKEN VEST

Restriktioner

Vi har eit ungt publikum med ulike tilnærmingar til dyr, vi ynskjer difor at du let hunden vere att heime.
Vi bevegar oss gjennom ulendt terreng - teateropplevinga egnar seg diverre ikkje om du er dårleg til beins.

Ansvarsfriskrivning

All deltaking på våre arrangement skjer på eige ansvar.
Kjøpte billettar refunderast ikkje - med mindre arrangør avlyser arrangementet.

Taggar

natur
skog
prinsesse
familie
alv
bergen
tur
Arrangör
Eventyr i Parken