Teater i Fana kulturpark 6.juni kl.19:00 : "Det suser i sivet"

Storslått piknik i dyreriket!

page view image
Evenemangsdatum

fredag 6 jun 2025 19:00

avslutas fredag 6 jun 2025 20:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

Betal det du kan - 150kr
Betal det du kan - 250kr
Betal det du kan - 200kr
Under 2 år (gratis)
event image

Evenemangsinformation

Det er duka for storslått piknik i dyreriket! 

Møt den forsiktige Moldvarp, den sjølvsikre Rotta, gamle Herr Grevling og den heilsprø småkongen Padda. Opplev ein dag som skulle starte så flott og roleg, men som fort vert farga av Paddas fart, sprell og heilsprø påfunn!

Vi inviterar inn i universet til “Det suser i sivet”, den britiske barnebok klassikaren av Kenneth Grahame, og byr på ei morosam og koseleg utandørs teateroppleving for store og små.


Passar frå 3-8 år

Varigheit: ca. 1 time

Oppmøte: på parkeringa ved Fana kyrkje.


Framsyning kl.17:00 og 19:00

Alt foregår utandørs, så hugs å kle deg og dine etter véret. 

På slutten av stykket inviterar vi publikum på piknik saman med oss, ta gjerne med noko smått å ete og drikke til dette, og gjerne eit teppe e.l. å sitte på. 


"Betal det du kan": Vi i Eventyr i Parken jobbar for å kunne vere eit tilgjengeleg og lavterskel tilbod, som alle skal ha moglegheit til å delta på. Vi har difor "betal det du kan" prisar, for å nå breidt ut. Vi meiner kunst og kultur skal vere tilgjengeleg for alle - du betaler difor det du har moglegheit til. Ynskjer du å støtte arbeidet vårt litt ekstra set vi stor pris på det. Vi takkar alle våre sponsorar som gjer det mogleg for oss å tilby så rimelege prisar som mogleg!


Basert på boka av: Kenneth Grahame

Dramatisert av: Eventyr i Parken, Tora Troe og Adele Duus

Skodespelarar: Thomas B. Brandt, Kristine Alida Grønsdal Netteland, Stine R. Svellingen og Kristian Garmandslund. 

Regissør: Adele Duus

Scenograf- og kostymedesignar: Tora Troe

Musikalsk ansvarleg og musikar: Elise Nonseid

Musikalsk medhjelpar: Kaja Linder Henriksen

Produsent: Stine Svellingen 

PR og manusbidrag: Lina Taule Fjørtoft

Støtta av: Kulturdirektoratet, Bergen kommune, Grieg foundation,  Kulturtanken, Fond for utøvende kunstnere (FFUK), Westfal Larsen Allmennyttige Fond, Fana Sparebank og "Bergen Teater og Dramatiske selskap A/S".


Eventyr i Parken er eit Bergensbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape unike teateropplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart kompaniet nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Teaterforenings pris "Rampeløkten" for sitt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken inviterar no liten og stor ut, og inn i vår skogsverd for å sjå ting ikring oss, på ein heilt ny måte. Meir om Eventyr i Parken: www.eventyriparken.no

Restriktioner

Vi har eit ungt publikum med ulike tilnærmingar til dyr, vi ynskjer difor at du ikkje tek med hund.

Ansvarsfriskrivning

All deltaking på våre arrangement skjer på eige ansvar.
Kjøpte billettar refunderast ikkje - med mindre arrangør avlyser arrangementet.

Taggar

utendørs
Arrangör
Eventyr i Parken