page view image

Vandreteater i Øvre Eidfjord: Skogsprinsessa, sundag 18.08 kl.12:00

Bli med på eventyr på Varbergshaugen!

Information
event image

Skogen treng hjelp, er du den rette?

Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien. 


Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal, slik går alt rundt og held seg i perfekt balanse. No er det skogsprinsessa Alva si tur til å bli dronning, noko ho har øvd på i alle år. Men… alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen. Ryktar og vonde tankar spreiar seg i skogen, kor kjem dette mørkret frå? Skogen prøvar å ordne opp så godt den kan, men ser den treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska. 


Oppmøte: Norsk Natursenter Hardanger

Varigheit: ca. 2 timar frå start til slutt

Passar frå 3år.


Manus: Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Stine Revheim Svellingen

Regikonsulent: Jan Neal Holden

Kostyme og rekvisittdesign: Tora Troe

Kostymemaker: Julie Jensen

Skodespelarar: Stine Revheim Svellingen, Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft & Amalie Jensen Tolo.


Spørsmål? Kontakt oss på 91582712.


Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape kulturopplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart vi nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok vi Bergen Tetareforenings pris: "Rampeløkten" for vårt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken ynskjer å invitere liten og stor ut, og inn i vår verd for å sjå verda ikring oss, på ein heilt ny måte. 


Framsyninga er støtta av

EIDFJORD KOMMUNE

VESTLAND FYLKESKOMMUNE, TILSKOT TIL FRILUFTSAKTIVITET

VESTLAND FYLKESKOMMUNE, TILSKOT TIL KULTURARRANGEMENT

A/S BERGENS TEATER OG DET DRAMATISKE SELSKAB

SPAREBANKEN VEST

COOP EIDFJORD




natur hardanger eidfjord natursenter skog prinsesse familie alv

Beperkingen

Vi har eit ungt publikum med ulikt forhold til dyr, vi ynskjer difor at du ikkje tek med hund.
Vi bevegar oss gjennom ulendt terreng - teateropplevinga egnar seg diverre ikkje om du er dårleg til beins.

Afstandsverklaring

All deltaking på våre arrangement skjer på eige ansvar.
Kjøpte billettar refunderast ikkje - med mindre arrangør avlyser arrangementet.