Søndag 10.august kl.12:00, vandreteater i Kanadaskogen "Skogsprinsessa"

Bli med på kroning av Skogsprinsesse Alva!

page view image
Arrangementsdato

søndag 10 aug 2025 12:00

Slutter søndag 10 aug 2025 13:30
BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

SKOGEN TRENG HJELP, ER DU DEN RETTE?


Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal. No er det skogsprinsessa Alva si tur til å bli dronning.

Men alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen... Rykter og vonde tankar spreier seg i skogen, og plutseleg er det vanskeleg å vite kven som snakkar sant i den store skogen, kor kjem desse mørke tankane ifrå? Skogen treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.

Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien!

(Passar godt frå 3 år.)


Framsyninga spelast i Kanadaskogen:
LAURDAG 9.08 kl.12:00 og 14:30
SUNDAG 10.08 kl.12:00 og 14:30


OPPMØTE: Framsyninga startar ca. 10 - 20 minutters gange frå Kandaskogen Friluftslivsbarnehage (Spelhaugen 24), ikkje langt frå "Moseplassen". Sjå markering på kartet her på arrangementssida. Vi anbefaler å nytte kollektivtransport grunna begrensa parkeringsplassar. Følg dei markerte pilene fram til de kjem til vårt godt synlege "Oppmøtestad".

Det er også mogleg å parkere ved Nipedalen (ca. 25 minutters gange frå oppmøtestaden).

Framsyninga startar presis, så vi anbefaler å være ute i god tid.


VARIGHEIT: Ca. 1.5 time frå start på framsyninga til slutt. Vi avsluttar ca.5 minutter unna oppmøtestaden.


Alt foregår utandørs, så hugs å kle deg og dine etter véret.


"BETAL DET DU KAN": Vi i Eventyr i Parken jobbar for å kunne vere eit tilgjengeleg og lavterskel tilbod, som alle skal ha moglegheit til å delta på. Vi har difor "betal det du kan" prisar, for å nå breidt ut. Vi meiner kunst og kultur skal vere tilgjengeleg for alle - du betaler difor det du har moglegheit til. Ynskjer du å støtte arbeidet vårt litt ekstra set vi stor pris på det. Vi takkar alle våre sponsorar som gjer det mogleg for oss å tilby så rimelege prisar som mogleg!


SPØRSMÅL? Kontakt oss på eventyriparken@gmail.com eller 41211 023.


KUNSTNERISK TEAM:
Manus: Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Stine Revheim Svellingen
Regikonsulent: Jan Neal Holden
Kostyme og rekvisittdesign: Tora Troe
Kostymemaker: Julie Jensen
Skodespelarar: Stine Svellingen, Kristian Garmanslund, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen & Amalie Jensen Tolo.


Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape unike teateropplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart kompaniet nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Teaterforenings pris "Rampeløkten" for vårt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken inviterer no liten og stor ut, og inn i vår skogsverd for å sjå ting ikring oss, på ein heilt ny måte. Meir info: eventyriparken.no


Framsyninga er støtta av
Bergen kommune
Vestland fylkeskommune, tilskot til friluftsaktivitet
Vestland fylkeskommune, tilskot til kulturarrangement
A/S Bergen Teater og Det Dramatiske Selskab
 Sparebanken Vest
 

Restriksjoner

Vi har eit ungt publikum med ulike tilnærmingar til dyr, vi ynskjer difor at du let hunden vere att heime.
Vi bevegar oss gjennom ulendt terreng - teateropplevinga egnar seg diverre ikkje om du er dårleg til beins.

Ansvarsfraskrivelse

All deltaking på våre arrangement skjer på eige ansvar.
Kjøpte billettar refunderast ikkje - med mindre arrangør avlyser arrangementet.

Tags

natur
skog
prinsesse
familie
alv
bergen
tur
Organizer
Eventyr i Parken