Hjelp
© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Bli med inn i eit univers inspirert av nordiske sagn og folketru frå den norske kysten!
Eit vandreteater som spelast i og utanfor Norges Fiskerimuseum.
FRAMSYNINGSINFO
Framsyning: kl.17:00 og 19:00
Oppmøte: i resepsjonen på Norges Fiskerimuseum
Passar frå 6 år
Varigheit: ca.1 time
Deler av framsyninga foregår utandørs, så hugs å kle deg og dine etter véret.
"Betal det du kan": Vi i Eventyr i Parken ynskjer å vere eit tilgjengeleg lågterskel tilbod, som flest mogleg skal kunne delta på. Vi har difor "betal det du kan"-prisar, for å nå bredt ut. Vi meiner kunst og kultur skal vere tilgjengeleg for alle – du betaler difor det du har moglegheit til. Ynskjer du å støtte arbeidet vårt litt ekstra, set vi stor pris på det. Vi takkar alle våre sponsorar som gjer det mogleg for oss å tilby så rimelege prisar som mogleg!
KUNSTERISK TEAM
Skapande skodespelarar: Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt & Ingeborg Meyer Lysne
Manus: Lina Taule Fjørtoft, Adele Lærum Duus
Regi: Adele Lærum Duus
Produsent: Lina Taule Fjørtoft
Produsent assistent: Bekka Vik Erlandsen
Kostyme, scenografi og rekvisittdesign: Tora Troe
Kostymesyer: Signe Duus
Plakatdesign: Tora Troe
Manusbidrag: Katrine Lovise Øpstad Fredriksen
Framsyninga er støtta av: Senja Barnefestival, Bergen Teater og Dramatiske Selskab A/S, Sparebanken Norge, Vestland Fylke, Kulturdirektoratet, Proscen, NSF- fond for frilansere, Bjørnseth fond, Bergen kommune
Om Eventyr i Parken: Eventyr i Parken er eit Bergensbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape unike teateropplevingar for born og unge ute i naturen. I 2021 vart kompaniet nominert til “Bergens beste barneopplevelse” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Teaterforenings pris "Rampeløkten" for sitt nyskapande arbeid.
Les meir her: www.eventyriparken.no