Vandreteater i Nygårdsparken, søndag 1.juni kl.11:30: "Det suser i sivet"
Storslått piknikk i dyreriket!

Det er duka for storslått piknikk i dyreriket!
Møt den forsiktige Moldvarp, den sjølvsikre Rotta, gamle Herr Grevling og den heilsprø småkongen Padda. Opplev ein dag som skulle starte så flott og roleg, men som fort vert farga av Paddas fart, sprell og heilsprø påfunn!
Vi inviterar inn i universet til “Det suser i sivet”, den britiske barnebok klassikaren av Kenneth Grahame, og byr på ei morosam og koseleg utandørs teateroppleving for store og små.
Passar frå 3-8 år
Varigheit: ca. 1 time
Oppmøte: ved kaféen i øvre del av Nygårdsparken.
Framsyning kl.11:30 og 13:30
Alt foregår utandørs, så hugs å kle deg og dine etter véret.
På slutten av stykket inviterar vi publikum på piknikk saman med oss, ta gjerne med noko smått å ete og drikke til dette.
"Betal det du kan": Vi i Eventyr i Parken jobbar for å kunne vere eit tilgjengeleg og lavterskel tilbod, som alle skal ha moglegheit til å delta på. Vi har difor "betal det du kan" prisar, for å nå breidt ut. Vi meiner kunst og kultur skal vere tilgjengeleg for alle - du betaler difor det du har moglegheit til. Ynskjer du å støtte arbeidet vårt litt ekstra set vi stor pris på det. Vi takkar alle våre sponsorar som gjer det mogleg for oss å tilby så rimelege prisar som mogleg!
Basert på boka av: Kenneth Grahame
Dramatisert av: Eventyr i Parken, Tora Troe og Adele Duus
Skodespelarar: Thomas B. Brandt, Kristine Alida Grønsdal Netteland, Stine R. Svellingen og Kristian Garmandslund.
Regissør: Adele Duus
Scenograf- og kostymedesignar: Tora Troe
Musikalsk ansvarleg og musikar: Elise Nonseid
Musikalsk medhjelpar: Kaja Linder Henriksen
Produsent: Stine Svellingen
PR og manusbidrag: Lina Taule Fjørtoft
Støtta av: Kulturdirektoratet, Bergen kommune, Grieg foundation, Kulturtanken, Fond for utøvende kunstnere (FFUK), Westfal Larsen Allmennyttige Fond og Bergen Teater og Dramatiske selskap A/S.
Eventyr i Parken er eit Bergensbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape unike teateropplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart kompaniet nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Teaterforenings pris "Rampeløkten" for sitt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken inviterar no liten og stor ut, og inn i vår skogsverd for å sjå ting ikring oss, på ein heilt ny måte. Meir om Eventyr i Parken: www.eventyriparken.no
Restriksjoner
Vi har eit ungt publikum med ulike tilnærmingar til dyr, vi ynskjer difor at du ikkje tek med hund.
Ansvarsfraskrivelse
All deltaking på våre arrangement skjer på eige ansvar.
Kjøpte billettar refunderast ikkje - med mindre arrangør avlyser arrangementet.