Skogsprinsessa - utandørs teater ved Arna Prestegard
Bli med på kroning av Skogsprinsesse Alva!

Skogen treng hjelp, er du den rette?
Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien.
Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i han. Dei ser til at jorda er frisk, lufta rein, og at dyr og insekt gjer det dei skal, slik at alt går rundt og held seg i perfekt balanse. No er det skogsprinsessa Alva sin tur til å bli dronning, noko ho har førebu seg på i alle sine år. Men … alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen. Ryktespreiing og vonde tankar brer seg i skogen – kvar kjem dette mørkret frå? Skogen prøver å ordne opp så godt han kan, men han treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: nemleg menneska.
Manus: Thomas B. Brandt, Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Stine Revheim Svellingen
Regikonsulent: Jan Neal Holden
Kostyme og rekvisittdesign: Tora Troe
Kostymemaker: Julie Jensen
Skodespelarar: Stine Svellingen, Thomas B. Brandt, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen & Amalie Jensen Tolo.
Sjå trailer her: https://youtu.be/5kqpqRyMTDM
PRAKTISK
Alt foregår utandørs så hugs gode klær og sko.
Varigheit: ca. 75 minutt
Alder: frå 3–9 år
Billetter: kr 50 per pers. over 1 år
Adresse: Arna Prestegard, Ådnavegen 15, 5260 Indre Arna, Norge
NB; ingen parkering, bruk Øyrane Torg.
Spørsmål? Kontakt oss på: geir@vassdalrevisjon.no
OM ARRANGØR
Arna Kulturråd legg vekt på å støtta arrangement retta mot barn og unge som vert del av Kulturdagane i Arna. Denne gongen satser vi på eit eige initiert arrangement. Arrangementstaden er velt ut for å trekka merksemd mot arbeidet vårt for å nytta Arna Prestegard til kulturføremål.
Eventyr i Parken (EiP) er eit vestlandsbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape kulturopplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart EiP nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Tetareforenings pris: "Rampeløkten" for deira nyskapande arbeid. Eventyr i Parken ynskjer å invitere liten og stor ut på tur - og inn i ei verd der skogen snakkar, og kven veit, kanskje ein ser skogen på ein ny måte etter framsyninga?
Meir om Eventyr i Parken: www.eventyriparken.no
Restriksjoner
Vi har eit ungt publikum med ulike tilnærmingar til dyr, vi ynskjer difor at du let hunden vere att heime. Vi bevegar oss gjennom ulendt terreng - teateropplevinga egnar seg diverre ikkje om du er dårleg til beins.
Ansvarsfraskrivelse
All deltaking på våre arrangement skjer på eige ansvar.
Kjøpte billettar refunderast ikkje - med mindre arrangør avlyser arrangementet.