DRAUG - Vandreteater i Bekkjarvik
Eit vandreteater om havets mytologiske skapningar. Møt fiskarane Sara og Olise på kaia i Bekkjarvik.
Bli med inn i eit univers inspirert av sagn og folketru frå den norske kysten!
Havet har alltid gitt liv og forteljingar langs kysten vår. Men når grenser blir kryssa og åtvaringar ikkje blir høyrde, kan det få konsekvensar. Ein fiskar har forlist, og spørsmåla ligg i lufta: Tok ho meir enn ho trong? Var det Kraken ho fiska over? Og er det verkeleg Draugen som kviskrar i bølgjene?
FRAMSYNINGSINFO
Framsyning: kl. 13.00
Oppmøte: ved Bekkjarvik Torg. Derifrå går vi i samla flokk til Juthålo (stranden ved Bekkjarvik Gjestgiveri) kor framsyninga spelast.
Passar frå 6 år
Varigheit: ca. 1 time (inkl. vandringa frå torget)
Heile framsyninga foregår utandørs, så hugs å kle deg og dine etter véret.
KUNSTERISK TEAM
Skapande skodespelarar: Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt & Ingeborg Meyer Lysne
Manus: Lina Taule Fjørtoft, Adele Lærum Duus
Regi: Adele Lærum Duus
Produsent: Lina Taule Fjørtoft
Produsent assistent: Bekka Vik Erlandsen
Kostyme, scenografi og rekvisittdesign: Tora Troe
Kostymesyer: Signe Duus
Plakatdesign: Tora Troe
Manusbidrag: Katrine Lovise Øpstad Fredriksen
Om Eventyr i Parken: Eventyr i Parken er eit Bergensbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape unike teateropplevingar for born og unge ute i naturen. I 2021 vart kompaniet nominert til “Bergens beste barneopplevelse” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Teaterforenings pris "Rampeløkten" for sitt nyskapande arbeid.
Les meir her: www.eventyriparken.no
Utvikling av framsyninga er støtta av: Senja Barnefestival, Bergen Teater og Dramatiske Selskab A/S, Sparebanken Norge, Vestland Fylke, Kulturdirektoratet, Proscen, NSF- fond for frilansere, Oluf Bjørneseths fond, Bergen kommune
Restriksjoner
Vi har eit ungt publikum med ulike tilnærminger til dyr, vi ynskjer difor at du ikkje tek med hund på arrangementet.
Ansvarsfraskrivelse
All deltaking på våre arrangement skjer på eige ansvar.