page view image

Torsdag 18.juni kl.19:00: "Draug", vandreteater på Norges Fiskerimuseum, Bergen

Havet har alltid gitt liv og forteljingar langs kysten vår. Men når grenser blir kryssa og åtvaringar ikkje blir høyrde, kan det få konsekvensar. Ein fiskar har forlist, og spørsmåla ligg i lufta: Tok ho meir enn ho trong? Var det Kraken ho fiska over? Og er det verkeleg Draugen som kviskrar i bølgjene?

Information
event image

Bli med inn i eit univers inspirert av nordiske sagn og folketru frå den norske kysten!

 Eit vandreteater som spelast i og utanfor Norges Fiskerimuseum. 


FRAMSYNINGSINFO

Framsyning: kl.17:00 og 19:00

Oppmøte: i resepsjonen på Norges Fiskerimuseum


Passar frå 6 år

Varigheit: ca.1 time


Deler av framsyninga foregår utandørs, så hugs å kle deg og dine etter véret.


"Betal det du kan": Vi i Eventyr i Parken ynskjer å vere eit tilgjengeleg lågterskel tilbod, som flest mogleg skal kunne delta på. Vi har difor "betal det du kan"-prisar, for å nå bredt ut. Vi meiner kunst og kultur skal vere tilgjengeleg for alle – du betaler difor det du har moglegheit til. Ynskjer du å støtte arbeidet vårt litt ekstra, set vi stor pris på det. Vi takkar alle våre sponsorar som gjer det mogleg for oss å tilby så rimelege prisar som mogleg!


KUNSTERISK TEAM

Skapande skodespelarar: Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt & Ingeborg Meyer Lysne

Manus: Lina Taule Fjørtoft, Adele Lærum Duus

Regi: Adele Lærum Duus

Produsent: Lina Taule Fjørtoft

Produsent assistent: Bekka Vik Erlandsen

Kostyme, scenografi og rekvisittdesign: Tora Troe

Kostymesyer: Signe Duus

Plakatdesign: Tora Troe

Manusbidrag: Katrine Lovise Øpstad Fredriksen


Framsyninga er støtta av: Senja Barnefestival, Bergen Teater og Dramatiske Selskab A/S, Sparebanken Norge, Vestland Fylke, Kulturdirektoratet, Proscen, NSF- fond for frilansere, Bjørnseth fond, Bergen kommune


Om Eventyr i Parken: Eventyr i Parken er eit Bergensbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape unike teateropplevingar for born og unge ute i naturen. I 2021 vart kompaniet nominert til “Bergens beste barneopplevelse” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Teaterforenings pris "Rampeløkten" for sitt nyskapande arbeid.


Les meir her: www.eventyriparken.no














Restrictions

Vi har eit ungt publikum med ulike tilnærminger til dyr, vi ynskjer difor at du ikkje tek med hund på arrangementet. Vi skal bevege oss noko i trapper, meld veldig gjerne frå i forkant om du har utfordringar med dette, slik at vi kan finne ei alternativ løsning for deg.

Waiver

All deltaking på våre arrangement skjer på eige ansvar.
Kjøpte billettar refunderast ikkje – med mindre arrangør avlyser arrangementet.